Dømer på når ein bør kontakte eller oppsøkje legevakt
- Smerter i brystet eller magen.
- Pustevanskar.
- Akutt sjukdom eller alvorleg forverring av kronisk sjukdom.
- Nedsett allmenntilstand hjå born.
- Alvorleg akutt psykisk sjukdom/rusproblematikk evt. mistanke om forgifting.
- Mistanke om komplikasjonar i svangerskap.
- Kuttskadar som kan tenkjast treng sying.
- Andre skader som treng nærare undersøking evt. også med røntgenbilete.
- Uklare tilstandar med urovekkande symptom.
- Spedborn med uklare symptom.
Vanlege tilstandar
der du kan prøve eigenomsorg eller avvente til fastlegekontoret har opningstid
Hoste/feber/sår hals/forkjølelsessymptom/øyreverk dersom symptoma ikkje er urovekkande akutte eller sterke, eller det gjeld spedbarn/pasientar svekka av annan sjukdom.
Viss du treng hjelp på dagtid, skal du ringe fastlegen din og spørje om du kan få ein time. Fastlegen vurderer då kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time på dagen viss situasjonen krev det. Du skal alltid vende deg til fastlegen din når det gjeld:
- sjukemelding
- fornying av resept
- varige plager utan akutt forverring
Legevaktsatellitt
Legevakta for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Sunnfjord etter etter kl 15:30 på kvardagar, og heile døgnet på helg og helligdag lokalisert ved legevakta rett ved Førde Sentralsjukehus i Førde. Vi tillegg har vi tilbod om satellittstasjonar bemanna med sjukepleiarar og der legen er med på undersøkinga via videolink. Sjukepleiarane ved legevaktsatellittane kan og nokon gonger reise i sjukebesøk og rykkje ut ved alvorleg sjukdom eller skade om det er naudsynt.
Om det er aktuelt for deg å reise til ein legevaktsatellitt vil du få tilbod om dette ved kontakt med legevaktsentralen.
Det er satellittstasjonar ved Hyllestad omsorgsenter, Høyanger Sjukeheim og Balestrand Helsetun. I tillegg har Florø-Bremanger legevakt ein legevaktsatellitt ved Svelgen Omsorgsenter.
Informasjonsfilm og legevaktsatellittane:
Tips: Trykk på ikonet heilt nede til høgre i spelaren for å få det i fullskjerm.
Telefonnummer
Legevakt (heile døgnet): 116117
(578 32 300 frå anna legevaktdistrikt)
KAD: 578 31 482
Administrasjonsnummer: 577 23 745 Overgrepsmottaket: 577 23 748
Besøksadresse
Svanehaugvegen 2, Hildrabygget
6812 FØRDE
Postadresse
SYS IKL
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE