Legevaktspilot

Helse- og omsorgsdept har finansiert «legevaktpilotprosjektet» i perioden 2020 – 2022. SYS IKL var ein av to legevaktdistrikt i landet som deltok i prosjektet. I denne perioden er det bygd opp 5 «legevaktsatelittar» i Askvoll, Balestrand, Bremanger, Hyllestad og Høyanger. Satellittane er utstyrt som eit legekontor, har tilgjengeleg sjukepleiar som er trent i akuttmedisinske tiltak og vurderingar, og har naudsynt utstyr for diagnostikk og behandling inklusive vanlege medikament. Pasientane ringer legevaktsentralen som vanleg, og får tilbod om å møte på satellitt om dette vert vurdert teneleg. Lege ved SYS IKL kan då sjå og snakke med pasient via video, samstundes som sjukepleiar kan gjere undersøking og evt behandling etter beskjed frå legen. I akutte tilfeller kan sjukepleiar rykke ut og handtere pasient i påvente av at ambulanseressursar kjem til. Målet er å sikre akutte helsetenester nærare befolkninga i heile legevaktdsitriktet.

Prosjektet vart avslutta 1. juli 2022, men er vidareført i drift i Balestrand, Bremanger, Hyllestad og Høyanger. Vi håper og at Askvoll etterkvart vert med vidare.Sluttrapport for Legevaktpiloten Sogn og Fjordane er skrive av legevakta.  Helsedirektoratet har skrive ein samla prosjektrapport som og involverar resultat frå prosjektet i Molde, og følgeforskninga utført av NKLM.

Med helsing
Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt (SYS IKL)
Nasjonal kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM)